Interseptor er ein moderne trimflaps. Når du ser på bileta av båtene mine under prøvekøyring, så er baugen noko høg under fart. Interseptorlista vert oftast montert av kunden, etter at båten har komen heim.

 

                   save0004-picnik

 

Her ser du ei skisse over korleis ei interseptorlist vert montert. På dei båtane som eg har bygd, har lista blitt montert ca. 5 mm. under botnen av skroget. Det er ei list på kvar side av båten, så langt ut mot sidene som det er praktisk mulig. Lengda på kvar list er 40 - 45 cm og dei skal vera heilt rett i framkant. Ein skulle tru at 5 mm. kant under botn ikkje har så stor betydning. Men det viser seg at at den har stor virkning på båten.

 

                   save0004-picnik2

 

Det lagar seg ei luftpute framfor lista, slik at den løftar bakparten av båten. Båten vil halda samme farten og den går rettare i sjøen. Viss du vil prøva med interseptorlister på din båt, så kan du laga dei slik at det går an å justera dei opp og ned. Men tenk på at om dei ser små ut, så har dei enorm kraft til å forandra trimvinkelen på båten. Dette systemet vert i dag brukt på dei fleste passasjerbåtar med 2 skrog.

 

                    mail0019-picnik

 

Har også kundar som har festa ei alu.skinne på 5 mm. x 30 mm. i bakkanten av botnen.  Det virkar også bra, men er vansklegare å justera. Har ein funne rette størrelsen på lista og sett den fast, så er dette ei grei interseptorlist.

Til toppen