Geithuset er det eldste huset på Bjelland. Ein reknar med at det er fleire hundre år gammalt. Fleire av husa på garden har tidlegare stått på andre tomter. Geithuset er 2 hus som er bygd samen. Vi vil visa nokre bilete frå ombyggjinga. Arbeidet starta i januar 2007.

 

                bjelland 072-picnik
                                             Slik var geithuset før vi tok til med arbeidet.

 

                ny tid p bjelland 022-picnik
   Noko av det gamle tømmeret måtte fjernast. Huset vart jekka opp og ny mur vart støypt.

 

                ny tid p bjelland 048-picnik
              Stallen vart fjerna. Så vart det lagt plast og isopor, før nytt golv vart støypt.

 

                ny tid p bjelland 063-picnik
                                          Her er noko av tømmerveggen skifta.

 

                ny tid p bjelland 083-picnik
                                                Bjørneryggen vert skøytt samen.

 

                ny tid p bjelland 095-picnik
       På veggen vart dei gamle støttene skifta ut, sperrene forsterka og nytt sutak vert lagt.

 

                ny tid p bjelland 105-picnik
                                    Sutaket er på plass og skore reint i endane.

 

                ny tid p bjelland 113-picnik
                                Då det ikkje vert lagt inn straum, ville eigaren ha takvindu.

 

                ny tid p bjelland 130-picnik
                                              Så var bordkledningen komen på plass.

 

                ny tid p bjelland 132-picnik
                           Og døra vart flytta inn i veggen, slik det tidlegare var på gamle hus.

 

                ny tid p bjelland 181-picnik
                             Så er trearbeidet ferdig og huset klar for å få torv på taket.

 

                ny tid p bjelland 350-picnik
                                                              Her kjem torva. 

 

                ny tid p bjelland 429-picnik
                                                  Slik ser geithuset ut i dag.

 

                ny tid p bjelland 430-picnik
                                                Og det er innreida til gardsmuseum.           

Til toppen