Her er nokre tips til båtpussen.

Viss du er lei av den gamle lydpotta i båten, så vil eg anbefala denne. Sterkt bygd, veldig god lyddemping og heilt tett.
Nå brukar eg berre Halyard sine lydpotter.

Har nå skifta alle messing bunninntak i Vågsnes 780. Ser at det dannar seg kvit stoff på messingdelene. Satsar nå på komposittdeler frå Tru Design. Sjå test av delene her. Skroggjennomføringar, kuleventilar og slangestussar vart kjøpt hos Ilas. Nå slepp eg korrosjon og utstyret virkar veldig solid.

Til lakking vi eg anbefala skumrulle og skumfordrivar.
Rull ut lakk på ei lita flate og stryk over med skumfordivar. Ikkje vent for lenge før du brukar
skumfordrivaren, kanskje 1-2 min. Fordelen med skumrulle er at ein ikkje får så tjukt lag med lakk.
Lakk har lett for å renna. Ein bør helst ha 15 grader,  for å få eit bra resultat. Har god erfaring
med Jotun Clipper.

 diverse 041-picnik
           Skumrullen til venstre og skumfordrivar.

Primer og bunnstoff.
Brukar ein Jotun Antipest primer, må ein hugsa på å leggja på 1. lag med bunnstoff, før primeren
er herda. Då heng bunnstoffet mykje betre på båten. Dei 2 malingtypane skal herda i samen. Dette er opplysningar som eg har fått hos Jotun i Sandefjord.
Brukar ein International Gelshild 200, skal denne herda ferdig. Etterpå skal den vaskast, før bunnstoffet vert lagt på.

Behandling av teakdekk.
Etter å ha prøvd forskjellige type teakoljer, har eg funne noko som er bra. Kjøpte 1 boks Trebitt burmateak og 1 boks Trebitt blank. Blanda det samen, slik at eg fekk litt lysare farge. La på 2 strøk på teakdekket. Dette står veldig bra. Båten ligg ute heile vinteren og ein treng berre flikka med ny beis nokre få plasser.

 

780 001-picnik
                            Nysmurd teakdekk.

 

diverse 040-picnik
             Fleire år gammalt teakdekk.

 

Straum ombord.

Vil du læra meir om å innstallera straum ombord, vil eg anbefala boka: Strøm ombord. Av Jon Winge.

Du kan lesa meir om boka her.

Her er fleire tips frå Jotun. 

 

 

 

 

 

 

Til toppen